Nordahl Grieg

Nordahl Grieg

Johan Nordahl Brun Grieg blei født den 1.november 1902 i Bergen. Han var ein norsk lyrikar, forfattar, dramatikar og politisk oppteken journalist. Han var ein av Noregs mest markante diktarar i sin levetid.

Nordahl Grieg vakste opp i Bergen. Bergen var ein by som definerte han og stod han nær. Samtidig var han eventyrlysten og ville ut i verda. Han drog ut på reiser fleire gonger. Den siste gongen var under 2. verdkrig.

grieg.jpg

Etter å ha gjennomførd fleire offiserkurs blei han forfremja til kaptein. Hausten 1943 starta dei allierte opp ein bombeframstøyt mot hovudstaden i Tyskland, Berlin. Nordahl hadde eit sterkt ønske om å vere med, og fekk lov til slutt. Ved åtte tida på kvelden den 2. desember, fekk Nordahl sjå Berlin i augesyn frå lufta. Men etter at bombene frå flyet var sloppe, blei bombeflyet troffe av granatar frå luftvernskanonar som stod utanfor byen. Flyet tok fyr og styrta. Ingen av dei åtte om bord, inkludert Nordahl, overlevde.

Som diktar og forfattar var Nordahl Grieg under stadig utvikling. Han var ofte splitta mellom to tema (eks: det ytre og det indre, tru og tvil osv.). Men til slutt skulle Nordahl Griegs talent som fedrelandsdiktar vise seg uvurderleg, da Tyskland og okkupasjonen av Noreg frembringa eit nytt vendepunkt i hans vidare produksjon. Som diktar hyllet han nå flagget, nordmannen og Noreg. Og han gjorde det på måtar som gav han ein varig plass i norske hjarta.

Nokre dikt:

17. mai 1940
Til ungdommen
Friheten (1943)
Rundt Kap det gode Haab. Vers fra sjøen. (1922)
De beste

Og mange, mange fleire.

KILDER: http://no.wikipedia.org/wiki/Nordahl_Grieg

Unless otherwise stated, the content of this page is licensed under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License